Brann og beredskap | 24. sep. 2021

Avlyser årets «open brannstasjon»

Har likevel hatt god aktivitet i brannvernveka.

Avlyser årets «open brannstasjon»
Open brannstasjon har tidlegare vore svært populært uansett vêr, som her i 2017. (Foto: Andris Hamre)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 24. sep. 2021 07:34

Vi er på tampen av årets «Brannvernuke», som blir markert med ulike aktivitetar over heile landet.

I Bjørnafjorden kommune starta veka med offisiell opning av nye Fusa brannstasjon. I Os som på rundt 350 andre brannstasjonar, plar brannvernveka blir runda av med open brannstasjon.

Men Brannvernforeningen opplyser at open brannstasjon er avlyst dei fleste stadane.

Sjølv om regjeringa i pressekonferanse klokka 12.30 i dag er venta å opna opp landet, må brannvesenet veta, ikkje tru, derfor er det heller ikkje lagt opp til det elles så populære tiltaket i morgon.

– Vi har dessverre avlyst «open brannstasjon i år», seier brannsjef Eivind Hovden.

Noko av det mest spennande har vore å testa stanga for rask utrykking. Truleg blir det ny sjanse neste år. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Noko av det mest spennande har vore å testa stanga for rask utrykking. Truleg blir det ny sjanse neste år. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

– Men vi har brukt veka godt, og vore mykje ute og besøkt barnehagar og skular. Vi skulle gjerne hatt familiar og ungar på besøk, men då vi planla denne veka såg det ikkje ut som om det let seg gjera å halda ope på ein smittevernvenleg måte.

Nokre av dei som skulle fått besøk i går blei dessutan skuffa, for brannvesenet blei opptatt med ein paviljong som blei tatt av vinden i Hegglandsdalen.

Brannvesenet har fått fleire nye bilar sidan sist dei hadde open stsjon. (Foto: KVB)
Brannvesenet har fått fleire nye bilar sidan sist dei hadde open stsjon. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.