Jakt, fiske og natur | 05. juni 2021

Fann død hjort i Ervikane

Brannvesenet vil rydda opp.

Fann død hjort i Ervikane
Hjorten ligg langt oppi fjøra innanfor gapahuken, ved stien til Sørstrøno. (Lesarbilde, foto: Elsa Forstrønen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 05. juni 2021 10:02

Laurdag formiddag blei ein død hjort funnen i ei fjøre i friluftsområdet Ervikane på Strøno.

Skrotten ligg eit godt stykke oppe i fjøra innanfor gapahuken, nær stien til Sørstrøno.

Det hender at hjort på svømmetur mellom Tysnes, Austevoll og Os blit utmatta og døyr, gjerne om det er skodde, slik vi har hatt tidlegare i veka.

Bjørnafjorden brann og redning har ansvar for akutte forureiningssituasjonar, og er varsla.

– Det er ikkje alltid at ein død hjort utgjer fare for forureining, men når den ligg i eit mykje brukt friluftsområde som Ervikane, i ei varm og fin helg, bør vi nok prioritera å få denne vekk, seier varabrannsjef Erik Walden.

Brannvesenet kjem i løpet av dagen med båt for å taua skrotten ut på djupare vatn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.