Bjørn Anders Brimsholm (Samba), Arne Bogevik (City Sightseeing Bergen), Jarle Sørstrønen (NDM), Rune Balland (Os Auto) og Bjarte Bøe (Grunn & Betong). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bjørn Anders Brimsholm (Samba), Arne Bogevik (City Sightseeing Bergen), Jarle Sørstrønen (NDM), Rune Balland (Os Auto) og Bjarte Bøe (Grunn & Betong). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Gasellene frå Os

I dag presenterer Dagens Næringsliv gasellene frå Hordaland. Her er Os-bedriftene på lista.

Kjetil Vasby Bruarøy
02. desember 2015 - 13:03

«Gaselle» er eit namn Dagens Næringsliv har innført for norske bedrifter med ryddig økonomi og jamn vekst over fleire år. Gasellebedriftene må blant anna ha dobla omsetnad over fire år, men DN sorterer også etter andre vilkår (sjå punktliste nedst i artikkelen).

I årets liste, basert på tal frå 2011 til 2014, er det åtte firma frå Os på lista av totalt 263 i Hordaland.

Her er alle frå Os (med rangering i Hordaland):
4. Norwegian Deck Machinery AS
23. Samba AS
41. City Sightseeing Bergen AS
178. Grunn & Betong AS
185. Os Auto AS
235. Loops AS
236. Fløysand Tak AS
245. Os Maskinering AS
Ikm Cleandrill AS ligg på toppen av lista for Hordaland. Selskapet har hatt ein vekst 3387 prosent.

Både NDM, Samba, Grunn & Betong og Os Maskinering var òg kåra til gasellebedrift for eitt år sidan.

Dekksutstyrsprodusent Norwegian Deck Machinery AS, som tidlegare i år blei selt til Palfinger og neste år skiftar namn, omsette for 107,5 millionar kroner i 2014, noko som utgjer ein vekst på 638 % sidan 2011. I eit ferskt intervju med Midtsiden fortel dagleg leiar Jarle Sørstrønen at omsetnaden kjem til å landa på 135 til 140 millionar kroner i 2015.

Arbeidsbåtreieriet Samba AS omsette i fjor for 25 millionar kroner, ei vekst på 358 prosent. Dei investerte i fjor i nybygget Fox Fighter og har i år blant anna utvida med ROV og med eigedomsselskapet Samba Eigedom AS kjøpt Amundsneset.

Busselskapet City Sightseeing Bergen AS er dotterfirma av Osbuss AS. Selskapet omsette for 3,3 millionar kroner i 2014 og står notert med 229 % vekst. I 2013 utvida dei saman med morsselskapet frå 17 til 23 bussar, i 2014 kjøpte dei Bergen Guide Service AS.

Entreprenørselskapet Grunn & Betong AS omsette for 10,6 millionar kroner i 2014, ei vekst på 125 prosent. Eigar Bjarte Bøe kjøpte i 2013 Johs Sælen & Sønn sin tidlegare verkstad ved Vallabrua og har i år starta Ask Transport AS.

Bilverkstaden Os Auto AS har dei siste åra utvida med både sal av bruktbil, sal av Tysse-tilhengarar, MC-verkstad og karosseriverkstad. Selskapet omsette for 10,5 millionar kroner i 2014, ei vekst på 118 prosent.

Reklamebyrået Loops AS omsette for 3,5 millionar kroner og hadde ein vekst på 123 prosent i perioden.

Fløysand Tak AS har passert 100 millionar kroner og kan med 108 mill i omsetnad visa til ein vekst på 121 prosent.

Os Maskinering AS, som er i ferd med å overta Rolls-Royce-fabrikken i Os, omsette for 44 millionar kroner etter 114 prosent vekst.

• Her kan du sjå alle dei 10 gasellene i fjor og alle gasellebdriftene i Os tilbake til 2009.
• Sjå òg: Topp 100 - her er selskapa som vaks mest i Os i 2014.

Gasellebedrifter må ha:
• Levert godkjente rekneskap
• Minst dobla omsetnad over fire år
• Omsetnad på over éin million kroner første år
• Positivt samla driftsresultat
• Unngått negativ vekst
• Vore organisert som aksjeselskap
Kjelde: DN.no