Kultur | 17. aug. 2021

Lise og Njål første par ut: Gifta seg på Trolltunga

Romantikk og nasjonalromantikk for fire par, eitt av dei frå Os.

Lise og Njål første par ut: Gifta seg på Trolltunga
Lise Lunde Sydnes og Njål-Stian Børdal blei vigde av Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug. (Foto: Tor Martin Trongmo/Katrine Bakervik Gjerde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. aug. 2021 10:06

Laurdag blei fire par vigde på den kjente turistdestinasjonen Trolltunga i Skjeggedal/Tyssedal, som nyleg har fått status som nasjonal turiststi.

Eitt av para var Lise Sydnes Børdal og Njål-Stian Børdal frå Os.

– Vi har vore saman i 13 år og forlova i 12. Vi hadde byrja å snakka om bryllaup på veg ut av pandemien, at det hadde vore kjekt å samla familien igjen, fortel bruda til Midtsiden.

Ferdig skifta ved Trolltunga. (Foto: Tor Martin Trongmo/Katrine Bakervik Gjerde)
Ferdig skifta ved Trolltunga. (Foto: Tor Martin Trongmo/Katrine Bakervik Gjerde)

Dei vurderte både Os kyrkje og utandørs i Lysekloster-ruinane, med ein liten, intom fest etterpå.

– Då NRK fortalte om sjansen til å bli vigsla på Trolltunga kasta vi oss på og fekk plass. Vi var på Trolltunga i fjor, då eg fylte 30, og hadde lyst ein tur tilbake.

Gjekk i fleire timar for å seia «ja»

Ordføreren i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug, seier til NRK at fekk ideen om å vigsla nokon på Trolltunga i 2017.

Lise og Njål-Stian «ville tilbake», men ein tur til Trolltunga er meir krevjande enn for eksempel Preikestolen.

– Njål sin bestefar, Nils, var blant dei som ville vera med. Han er fjellvant, en han er jo 79 år, så vi køyrde opp til øvste parkeringsplass før vi vandra innover.

Ifølgje Ut.no er det likevel 10 kilometer kvar veg, ein tur som normalt tar 7 til 10 timar.

Av og på med finstasen

I alt var brudefølgjet til paret frå Os på åtte personar, inkludert forlovarane Britt Lunde Sydnes og Marita Børdal.

Brudeparet hadde med seg eit følgje på fem, eldstemann (med caps) er bestefar Nils på 79. (Foto: Katrine Bakervik Gjerde)
Brudeparet hadde med seg eit følgje på fem, eldstemann (med caps) er bestefar Nils på 79. (Foto: Katrine Bakervik Gjerde)

På førehand hadde Lise spurd ordførar om ho kunne få seia nokre ord utover å svara «ja». Både brud og brudgom hadde nokre velvalte ord med seg ut på den luftige steinen.

Det var behov for varmare klede til og frå Trolltunga denne dagen, ved sidan av at det er upraktisk å gå i finstasen.

Lise og Njål-Stian var eit av dei fire første para som blei vigde på Trolltunga. (Foto: Tor Martin Trongmo/Katrine Bakervik Gjerde)
Lise og Njål-Stian var eit av dei fire første para som blei vigde på Trolltunga. (Foto: Tor Martin Trongmo/Katrine Bakervik Gjerde)

– Det var fint laga til med både telt og lavvo, så vi kunne skifta før vi gjekk ut på tunga og blei vigde.

I løpet av seremonien var det musikalske innslag på hardingfele og saksofon. Etterpå var det fotoshoot, mat, cider og dessert i telt før retur.

Tok ei natt i Tyssedal

Dottera til brudeparet er fem år gamal.

– Ho var heime med oldemor, og syntest det var stas å sjå oss på TV. Ho skal få vera med på bryllaupsfesten vi skal laga seinare.

– Opplegget frå ordførar og NRK blei avslutta då vi var tilbake til start.

– Vi tok middag og overnatting på Tyssedal Hotell, mens dei i reisefølgjet som hadde hund hadde leigd seg ein leilegheit. Så møttest vi der til frukost morgonen etter før vi køyrde heim til Os.

Bildeserie:

God stemning frå første steg. (Foto: Katrine Bakervik Gjerde)
God stemning frå første steg. (Foto: Katrine Bakervik Gjerde)
Ifølgje Ut.no tar turen 7 til 10 timar. (Foto: Katrine Bakervik Gjerde)
Ifølgje Ut.no tar turen 7 til 10 timar. (Foto: Katrine Bakervik Gjerde)
Dei fire første para etter ordføraren sin idé frå 2017. (Foto: Tor Martin Trongmo/Katrine Bakervik Gjerde)
Dei fire første para etter ordføraren sin idé frå 2017. (Foto: Tor Martin Trongmo/Katrine Bakervik Gjerde)
Dei hadde med kvar sine ord å seia, utanom det å stadfesta med «ja». (Foto: Tor Martin Trongmo/Katrine Bakervik Gjerde)
Dei hadde med kvar sine ord å seia, utanom det å stadfesta med «ja». (Foto: Tor Martin Trongmo/Katrine Bakervik Gjerde)
Bestefaren og brudgomen. (Foto: Katrine Bakervik Gjerde)
Bestefaren og brudgomen. (Foto: Katrine Bakervik Gjerde)
Ein av forlovarane med buketten. (Foto: Katrine Bakervik Gjerde)
Ein av forlovarane med buketten. (Foto: Katrine Bakervik Gjerde)
Lang tu, men munter stemning i brudefølgjet. (Foto: Katrine Bakervik Gjerde)
Lang tu, men munter stemning i brudefølgjet. (Foto: Katrine Bakervik Gjerde)
Lise og Njål-Stian har plan om å laga bryllaupsfest heime i Os seinare i haust. (Foto: Tor Martin Trongmo/Katrine Bakervik Gjerde)
Lise og Njål-Stian har plan om å laga bryllaupsfest heime i Os seinare i haust. (Foto: Tor Martin Trongmo/Katrine Bakervik Gjerde)
1 av 8

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.