Kultur | 14. mars 2023

Sju kunstnarar stiller ut i tre dagar

– Eldstemann er kanskje den som har fornya seg mest.

Dei sju utanfor atelieret i Hamnevegen i den solrike starten på hausten 2022. F.v.: Odd Olav Nøss, Randi Hjertaas, Rita Barstad, Jan Haaland, Ann-Lisbeth Negård, Rigmor Sletnes og Margunn Tveitnes. (Foto: Even Hjertaas)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. mars 2023 19:25

Fredag opnar KiOS-samarbeidet utstilling i Vognhallen.

KiOs, som starta med utstillinga YriOs i 2010, består av Odd Olav Nøss, Randi Hjertaas, Rita Barstad, Jan Haaland, Ann-Lisbeth Negård, Rigmor Sletnes og Margunn Tveitnes.

– Odd Olav var med sidan start, Margunn Tveitnes kom også tidleg inn i samarbeidet, seier Randi Hjertaas.

Odd Olav Nøss, som fyller 83 i år, er eldstemann.

– Vi er fleire som stiller ut nye verk, og Nøss er kanskje den som har fornya seg mest. Han kjem med ein serie i ein heilt ny stil, fortel Hjertaas.

Eitt av dei nyare måleria til Odd Olav Nøss.

Utstillinga opnar etter lunsj fredag, men sjølve vernissasjen er tidleg på kvelden fredag.

– I snitt stiller kvar av oss med fire bilde til utstillinga, så det blir tett på veggane, fortel Randi.

Kulturelle innslag består av nokre vers framført av støntpoet Inge Hjertaas og musikk ved Olav Skorpen og Jan Haaland.

Utstillinga er open også laurdag og søndag.

Hamna i Hamnevegen

Samarbeidet starta i «Visningssenteret», der Abo i dag har kontor, flytta til Askviknes og tok namnet KiOS i 2013 og flytta vidare til Os Næringspark i 2017.

Så gjekk turen til Hamnevegen, i etasjen over Interiøren/Os Fargehandel, i 2018. Der held dei framleis til, og det var på heimebane, i januar 2020, dei sist hadde utstilling.

Sjå fleire tilbakeblikk i relaterte saker under.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.