Motor | 23. juli 2021

Årets Poker Run går heilt til Os hamn

I dag blei ruta til årets Bergen Poker Run lagt ut.

Årets Poker Run går heilt til Os hamn
To av båtane som har vore oftast i sjå, her forbi Amundsneset i 2012. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. juli 2021 17:37

Bergen Poker Run har sving innom Vedholmen Landhandel nesten kvart år, dei siste åra også innom Hauglandssundet og Halhjem.

I fjor gjekk ruta nordover, no er det kjent at det blir både sør og - for første gong - aust til Os sentrum, i år.

– Vi skal ha eit stopp på Havnechefen si avdeling på Møkster og lunsj på Matgal Solsiden i Os hamn, fortel Anders Arefjord.

Datoen er laurdag 21. august.

Bildeserie:

Bergen Poker Run 2021 - årets rute. (Gule Sider Sjøkart)
Bergen Poker Run 2021 - årets rute. (Gule Sider Sjøkart)
Konvoien kjem inn frå sør, til Øyane, Haugland og så til Os før retur til Bergen. (Gule Sider Sjøkart)
Konvoien kjem inn frå sør, til Øyane, Haugland og så til Os før retur til Bergen. (Gule Sider Sjøkart)
1 av 2
Bergen Poker Run 2021 - årets rute. (Gule Sider Sjøkart)
Konvoien kjem inn frå sør, til Øyane, Haugland og så til Os før retur til Bergen. (Gule Sider Sjøkart)

Frå start i Bergen går turen rett til Møkster i Austevoll og vidare til Bekkjarvik før konvoien kjem nord til Øyane og Vedholmen Landhandel.

– Det er mogleg at vi berre mottar eit kort til pokerhanda på kaien, og ikkje tar full stopp på Vedholmen Landhandel, men sig vidare innom Haugland og til kai ved Vindu mot Fjorden i Hamnevegen på Os.

(Ruta er ikkje endeleg, det kan koma justeringar tett på start)

Etter Øyane skal båtane buldra mot Os, ikkje som her, men via Haugland og Halhjem. (Foto: KVB)
Etter Øyane skal båtane buldra mot Os, ikkje som her, men via Haugland og Halhjem. (Foto: KVB)

Arefjord, som er ein erfaren deltakar, er i år også i arrangementskomiteen.

Han styrer showet saman med Raymond Stordalen, Beate Martinussen og arrangør-veteran Knut Steen Rakner.

I 2019 stal han dessutan showet, mens pandemien har hindra han å erstatta båten som same sommar mista drevet i Arendal. I år blir det ein midlertidig båt saman med Stordalen.

I 2019 køyrde Arefjord dette monsteret. I år tar han heile konvoien med til Os hamn. (Foto: KVB)
I 2019 køyrde Arefjord dette monsteret. I år tar han heile konvoien med til Os hamn. (Foto: KVB)

– Vi opplever at interessa er stor fleire stadar, og kanskje spesielt i Osbygda. I år har vi ekstra mange sponsorar frå Os, og det er kjekt.

Deltakarane betaler for å vera med, inkludert lunsj, middag og konsert. Sponsorane sørgjer for å halda deltakaravgifta nede og blant anna livemusikk på scenen.

– Middag, fest og konsert blir i Bergen. Vi legg til land på Munkekaien i Vågen og har middag under tak i Havrommet.

Fest og konsert blir i Havrommet i Bergen sentrum. (Foto: Privat)
Fest og konsert blir i Havrommet i Bergen sentrum. (Foto: Privat)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.