Kultur | 15. nov. 2022

Kuli reddar jula: Tar ansvar for peparkakebygd og juletreskog

– No hastar det med å få inn peparkakehus.

Kuli reddar jula: Tar ansvar for peparkakebygd og juletreskog
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. nov. 2022 12:03

Aleksander Grener hadde i utgangspunktet tenkt å laga peparkakehus saman med kollegaene på Kulí, men fekk brått rolla som vertsskap i tillegg.

– Då Christoffer Kobbeltvedt hos Fjordfolk, på vegner av Os Sentrumsforening, sa at det ikkje blir peparkakebygd i år, foreslo eg å ta det hos oss.

Kulí bruker vinduskarmane sine, i alt 18 løpemeter, til utstillinga. Dei er 30 cm djupe, og vertsskapen ber bakarane halda seg til 25 cm breidde på husa sine.

– Vi sender ut epost til alle barnehagane i bygda, men tar også imot hus frå privatpersonar. Husa kan leverast fortløpande.

Avduking er under julegrantenninga i Os sentrum fredag 25. november.

Peparkakebygda i Os i 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Peparkakebygda i Os i 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Du kvir deg ikkje til at småbarnsfamliar skal fylla kafeen for å sjå, kanskje utan å handla?

– Nei. Eg reknar med at folk tar omsyn til gjestane som sit i kafeen, dessutan blir peparkakeutstillinga godt synlege frå utsida, også etter stengetid.

14 år sidan start

Den første gongen Os kopierte «verdas største peparkakeby», Bergen, og lagde peparkakebygd lokalt, var i «Vindu mot Fjorden», der ABO er i dag, i 2008.

Den gong var det Os Fotball i samarbeid med Os Sentrumsforening som arrangerte, og svært mange som kom for å sjå.

Les òg1500 besøk

Vartsskapen har i åra som følgde variert frå blant anna der 7 Fjell Crossfit er i dag (Askvik/Apoteket), N&N på torget, etter at Os Blomsterservice flytta ut og Oshjørnet/Baronsgården.

Nokre gongar har vi kunna gå inn blant husa, andre gongar har det vore ei utstilling i nokre vindauge i låst lokale.

I seinare år har Os Sentrumsforening samarbeidd med Os kyrkjelyd og Bjørnafjorden kommune om ulike julearrangement.

Årsaka til at det i år ikkje låg an til peparkakebygd, er at kommunen har kutta arrangementsstillinga i kultureininga.

Monterer juletreskog

Det blir ikkje julemusikk i Borgstova i år, men ein tradisjon som starta då alle måtte halda smittevernvenleg avstand, juletreskogen på Kyrkjeflaten, skal monterast opp.

Også denne tar Kulí, eller Kulí-eigaren Asvo Bjørnafjorden, seg av.

– Os Sentrumsforening har fått trea sponsa. Vi tar oss av monteringa av både skogen og plassering av postkassen til julenissen, seier Aleksander.

Foto: Ørjan Håland
Les ògSkinande julestemning på Osøyro

– Får du likevel tid til å baka hus til peparkakebygda?

– Ja, vi skal laga hus. Kva vi skal laga, vil eg foreløpig ikkje avsløra, seier Aleksander.

Grener, som i 2018 vann «Den store kakekrigen» på TV-kanalen FEM, har også baka til Pepperkakebyen i Bergen før.

Då han var hotellsjef bygde han sitt eige hotell, ein stor peparkakeversjon av Magic Hotels i Solheimsviken.

Fjordfolk er takksame for entusiasmen.

– Juletreskogen, som i utgangspunktet var ei reserveløysing under pandemien, blei veldig populær. Peparkakebygda er eit anna arrangement som er veldig viktig for småbarnsfamiliar, vi er glade for at begge delar løyste seg.

Årets julegrantenning, med opning av både peparkakebygd og juletreskog, startar med lystog frå banen på taket på Giskavollen Parkering og ned til torget på Osøyro.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.