Fotball | 27. mai 2021

Tatt ut på J16-landslaget

– Håper vi får landskamp til hausten, seier Nora B. Nøss.

Tatt ut på J16-landslaget
Nora, her i kamp for gutelaget i Norway Cup 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. mai 2021 11:40

Onsdag blei troppane til tre aldersbestemte landslag tatt ut, gutar 16, jenter 16 og jenter 19.

På eitt av desse, J16, finn vi Nora Blindheim Nøss frå Os Fotball.

– Førre samling var i november, det er veldig kjekt å bli tatt ut igjen! seier Nora til Midtsiden.

Fleire er frå Toppserie-klubbar som Klepp, Lyn, Lillestrøm og Avaldsnes. Nøss kjenner fleire namn på lista, men seier ho òg ser nokre nye i det siste uttaket.

– I fjor skulle vi spelt mot Sverige, men det blei avlyst på grunn av smittefare. Eg merker at det er meir og meir spennande med desse uttaka når vi kjem opp i alder, og håper at eg presterer godt nok til å bli tatt ut til nordiske landskampar og planlagt EM-kvalifisering.

Skadefri vår

Samlinga går frå 7. til 15. juni, altså på tampen av skuleåret for tiandeklassingane på lista.

– Det blir ein kjekk start på sommaren. Karakterane skal vera bestemte før vi reiser, og vi får med oss dei siste dagane på ungdomsskulen når vi er tilbake.

– Korleis har trening og kamptilbodet vore i vår?

– Eg har jo fått trena med både Arna-Bjørnar og Sandviken, men er framleis i Os og trener og speler mest med gutar 16. Men eg har også spelt nokre kampar for Nore Neset/Os J17.

– Treningane har vore gode og eg er skadefri og i fin form til samlinga.

Etter eit skadeopphald i fjor blei det skyggelandslaget i første uttak. Men Nora viste seg som ein leiartype og var på landslaget på neste samling, som altså var i november.

Nora B. Nøss er elev ved Os ungdomsskule. Før ferien får ho ei veke med landslaget. (Foto: Ørjan Håland)
Nora B. Nøss er elev ved Os ungdomsskule. Før ferien får ho ei veke med landslaget. (Foto: Ørjan Håland)

Frå NFF Hordaland er det også J16-spelarar frå Askøy, Bønes og Loddefjord i uttaket, utanom Nora frå Os.

Landslagstrenar Lena Tyriberget har tatt ut desse spelarane til det som er årets første samling:

Vendela Bakke - Hyggen
Maria Sandvik - Viking
Nora Thomassen - Askøy
Mia Hambro Svendsen - Røa
Anna Lervik - Herd
Amalie Mørner - Loddefjord
Andrea Skarseth - Fart
Seline A Rekkedal - KFUM
Helle Aune - Viking
Jenny Davik Fredhall - Asker
Madelen Eid - Hødd
Tilja Ellingsen - Klepp
Mathilde Eidissen Karlsen - Medkila
Ane Wedde Buer - Lillestrøm
Cille Nilsen - Avaldsnes
Nora Blindheim Nøss - Os
Julie Bruusgaard - Røa
Signe Gaupset - Molde
Kamilla Melgård - Lyn Fotball
Ragnhild Skage - Bønes
Amalie Isabell Taraldsen - Tromsø/Fløya
Eva Charlotte Bang - Brønnøysund
Malin Eikenes Tjellaug - Stryn
Tuva Henriksen - Sandefjord Fotball
Ingrid Rame - Viking
Sarah Martinussen - Medkila
Kaia Samuelsen Elverum - Fornebu
Mina Bell Folland - Gaular
Linneah Rene H. Rasmussen - Avaldsnes
Mawa Sesay - Strømsgodset

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.