7. smittetilfelle på 8 dagar

Nytt smitetilfelle i Bjørnafjorden kommune torsdag kveld.

Testsenteret og koronalegevakta i Kolskogheiane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. okt. 2020 08:51

Ei kvinne i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19.

– Alle nærkontaktar er informerte og sett i karantene, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale via kommunen si heimeside torsdag kveld.

Smitteveg er kjend og kjem frå arbeidsplass i Bergen.

Dette er det 7. smittetilfellet på 8 dagar i det som er den verste smitteperioden i Bjørnafjorden sidan første smitta 11. mars. Blant desse 7 er det 5 i 20-åra og 2 i 40-åra.

Det er foreløpig ikkje opplyst om kvinna er frå Os- eller Fusa-sida av fjorden. Dei første 19 av dei til saman 20 smittetilfella i haust er frå Os-sida, og Kolskogheiane er einaste testsenter og koronalegevakt i kommunen.

16 av desse 20 er smitta i Bergen eller andre kommunar, 4 av dei er smitta i utlandet. Det har til no vore ingen internsmitte i Bjørnafjorden kommune.

16 av desse 20 er i 20-åra, dei fire andre er to i 40-åra, éin i 30-åra og ein 12-åring.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no

* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte dagen før.

14 smitta i vår:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.

Til no 20 smitta i haust:
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
7. september: Mann i 30-åra.
11. september: 12 år gamal elev ved Os barneskule er smitta etter kontakt med ein smitta frå ein annan kommune.
13. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
14. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
16. september: To kvinner i 20-åra, smitta i Bergen.
17. september: Mann i 20-åra, smitta i Bergen, same stad som tre andre i 20-åra, meldt 13. og 16. september.
14. oktober: Mann i 20-åra.
14. oktober: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
16. oktober: Mann i 40-åra, smitta ved arbeidsstad i utlandet.
16. oktober: Mann i 20-åra, smitta i Bergen.
16. oktober: Kvinne i 20-åra, smitta i Oslo. Kvinna er folkeregistrert i Oslo, men har vore på besøk i Bjørnafjorden.
17. oktober: Mann i 40-åra. Smitteveg foreløpig ukjent.
22. oktober: Kvinne i 20-åra, smitta ved arbeidsplass i Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.