Bjørnafjorden kommune | 22. juni 2022

Har tilsett ny kommunalsjef

Runar Lunde overtar etter Torgeir Sæter.

Runar Lunde byrjar som kommunalsjef i Bjørnafjorden kommune i månadsskiftet september-oktober. (Foto: Karmøy kommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. juni 2022 10:15

I april blei det kjent at kommunalsjef for samfunnsutvikling, Torgeir Sæter, vel å gå av med pensjon til hausten.

Bjørnafjorden kommune lyste ut ledig stilling som kommunalsjef for både samfunssutvikling, næring og miljø.

Kommunalsjef Torgeir Sæter i dagens møte i formannskapet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògMå finna sin fjerde samfunns-sjef på tre år

I starten på dagens møte i PBU fortalte kommunedirektør Christian F. Fotland at tilbod om stillinga var sendt ut til ein av kandidatane.

– Viss vedkomande takkar ja, kjem vi med informasjon om dette seinare i dag, sa Fotland.

33-åring fekk jobben

No er det klart at Runar Lunde (33) blir ny kommunalsjef for samfunn, næring og miljø i Bjørnafjorden kommune.

Han kjem frå stillinga som leiar for areal og byggesak i Karmøy kommune.

Lunde har allsidig erfaring og kompetanse. Han er utdanna ingeniør, med kompetanse innan byutvikling og urban design. Han har også erfaring frå det private næringslivet, mellom anna som prosjektleiar hos OBOS Block Watne, skriv kommunen på eiga heimeside.

– Eg er svært nøgd med å ha fått Runar med på laget. Han har spennande og allsidig bakgrunn, og er opptatt av god dialog med både innbyggarar, tiltakshavarar, næringsliv og tilsette. Han har glimrande referansar og har gjort eit solid inntrykk, seier kommunedirektør Christian Fredrik Fotland.

Lunde startar i stillinga i månadsskiftet september-oktober 2022.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.