Næringsliv | 02. mai 2021

Hyggeligste: Suste inn på ein førebels 2. og 14. plass

To av dei fire nominerte frå Bjørnafjorden har allereie fått eit forsprang.

Hyggeligste: Suste inn på ein førebels 2. og 14. plass
Jan Kristian Rokne og Espen Engevik er 2 av dei 4 nominerte frå Bjørnafjorden til no. (Foto: Isac Herland/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. mai 2021 10:36

Konkurransen «Norges hyggeligste håndverker», som blei etablert som ein årleg hyllest til norske handverkaryrke for nokre år sidan, er i gang igjen.

Til no er 26 handverkarar i Vestland fylke nominert, fire av dei frå Bjørnafjorden kommune;

Aleksander Haukås frå Haukås Bygg, Odd Arne Frøystad frå Fonn, Espen Engevik frå Engevik VVS og Bygg og Jan Kristian Rokne frå Rokne Elektro.

Oppdatert: Vi har blitt gjort merksame på at også Gunnar Bolstad er nominert. Han er frå Bjørnafjorden, men jobbar for H2 Elektro i Kvinnherad.

Det skal stemmast gjennom vår og sommar, 3 finalistar i 7 kategoriar blir valt ut 10. august. Finalen er 18. september.

Og nokre er allereie godt i gang.

Rokne har segla opp på 2. plass i Noreg, Engevik ligg i skrivande stund på 14. plass.

– Heilt sidan pandemien braut ut har eg fått det veldig travelt, det er stort sett 12-timarsdagar 6 dagar i veka. Dette er fantastisk inspirerande i ein travel kvardag! seier Jan Kristian Rokne.

– Vi har vakse til 6 tilsette, men har arbeid til 9. Dette gir motivasjon i ei hektisk tid, seier Espen Engevik.

– Er det vanskeleg å vera hyggeleg i hektiske stunder?

– Nei. Dagane er enklare når humøret er bra, og har du ei innstilling om at kunden alltid har rett, så løyser alt seg på ein betre måte, seier Espen.

– Eg føler eg har stabilt godt humør, om synest smil er smittsamt. Eg synest vi kunne blitt endå flinkare til å smila til framande, og eg må seia eg saknar å sjå smilet til folk no når mange går med munnbind, seier Jan Kristian.

Nominert av tidlegare finalistar

Rokne har vore nominert før, i 2019.

– Den gong kom eg inn litt seint, og firmaet mitt var ganske nytt. No er Rokne Elektro 3,5 år, og vi har fleire kundereferansar.

Rokne har fått heile 6 nominasjonar. Først ut var Linda Østrem Lyssand, seinare har blant andre Tore Kleppe, som kom til finalen i 2018, og Geir Mæhle, som kom på 2. plass i fjor, nominert Jan Kristian.

– Eg og Geir har gått på skule saman, og har halde kontakten sidan. Geir, som har eit visst musikalsk talent, har òg vore å sjå på fleire scenar i Os, blant anna på romjulsblues på Peppes.

Innsats for andre i fleire år

Både Jan Kristian og Espen har vore synlege i Osbygda på fleire område. Jan Kristian har jobba på Torsdagsklubben, vore aktiv i Nore Neset idrettslag og grendalaget, og i styret i Osfest.

I fjor jaga han liv i russen, og deltok sjølv i å spreia glede med dei raud- og blåkledde i ei tid då koronapandemien var ganske fersk.

Espen Engevik var Noregs yngste røyrleggarmeister då han var nyutdanna, og har vakse opp med ein munter og kjent røyrleggar- og musikar-far; Øystein.

Han har engasjert seg som fotballtrenar og som ei eldsjel i fanklubben Liverbirds, som i fleire samanhengar har delt ut pengar til vanskelegstilte i Os og Liverpool.

– Eg er ein som har lett for å engasjera meg, på godt og vondt kanskje, men eg bryr meg om det som skjer rundt meg.

– Du er ein som tar tydelege standpunkt, reknar du med å hausta stemmer frå United-supportarar?

– Ha, ha! Ja, det gjer eg! Vi er uvenar i 90 minutt mens kampen pågår, men eg har mange kamaratar som støttar andre lag enn meg.

Dei som har kome langt i Hyggeligste-konkurransen har vore ivrige å be folk stemma på seg sjølv.

– Det er ei stund til 10. august, så no kjem mange veker med den vanskelege balansegangen mellom å hausta stemmer frå dag til dag utan å masa for mykje på folk. Det er nesten som eg vil be om unnskyld på førehand for aktiviteten eg kjem til å ha på sosiale media i tida framover, seier Jan Kristian og ler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.