Mann i 50-åra smitta av nærkontakt

Nytt smittetilfelle i dag.

Testsenteret var i førre veke oppe i 350-400 prøvar. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. nov. 2020 13:42

Måndag blei to personar konstatert smitta, i dag fortel Bjørnafjorden kommune om nok eit tilfelle av positiv koronatest.

Ein mann i 50-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19.

– Han er smitta via nærkontakt med eit anna kjent smittetilfelle. Den smitta har vore i karantene, og har difor ingen andre nærkontaktar, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale på kommunen si heimeside.

Opprinneleg smitteveg er Bergen.

Dette er det 3. smittetilfellet denne veka og det 7. smittetilfellet i Bjørnafjorden kommune på 4 dagar.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no

* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte éin eller fleire dagar før.

14 smitta i vår:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.

Til no 32 smitta i haust:
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
7. september: Mann i 30-åra.
11. september: 12 år gamal elev ved Os barneskule er smitta etter kontakt med ein smitta frå ein annan kommune.
13. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
14. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
16. september: To kvinner i 20-åra, smitta i Bergen.
17. september: Mann i 20-åra, smitta i Bergen, same stad som tre andre i 20-åra, meldt 13. og 16. september.
14. oktober: Mann i 20-åra.
14. oktober: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
16. oktober: Mann i 40-åra, smitta ved arbeidsstad i utlandet.
16. oktober: Mann i 20-åra, smitta i Bergen.
16. oktober: Kvinne i 20-åra, smitta i Oslo. Kvinna er folkeregistrert i Oslo, men har vore på besøk i Bjørnafjorden.
17. oktober: Mann i 40-åra. Smitteveg foreløpig ukjent.
22. oktober: Kvinne i 20-åra, frå Os-sida av kommunen, smitta ved arbeidsplass i Bergen.
25. oktober: Kvinne i 40-åra. Ukjent smitteveg.
28. oktober: Sambuarpar i 20-åra, smitta i Bergen.
29. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen, utan nærkontaktar i Bjørnafjorden.
29. oktober: Lærar ved Søfteland barneskule. 30 elevar hamna i karantene.
31. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen.
31. oktober: Tilsett ved Lurane. 5 kollegaer og 10 bebuarar i karantene, ingen av dei med symptom.
1. november: Mann i 30-åra, smitta i Bergen.
1. november: Kvinne i 60-åra, smitta i Bergen.
2. november: Mann i 30-åra, smitta av familiemedlem.
2. november: Kvinne i 40-åra, ukjent smitteveg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.