Lokal | 04. mars 2021

Rekordmange testa seg - fire nye smittetilfelle

Tre av dei er knytt til barnehageutbrot.

Rekordmange testa seg - fire nye smittetilfelle
Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. mars 2021 08:59

Bjørnafjorden kommune melder i dag om tre nye smittetilfelle av covid-19 onsdag:

  • Mann i 70-åra. Kjent smitteveg frå annan kommune.
  • Kvinne i 30-åra. Forelder i Flåten Naturbarnehage.
  • Kvinne i 20-åra. Forelder i Flåten Naturbarnehage.

I tillegg har dei i morgontimane i dag fått melding om at yttarlegare éin unge i Flåten Naturbarnehage er smitta.

Det betyr at det no er 10 smitta i samband med utbrotet i barnehagen, 5 born og 5 vaksne.

Dei nye utbrota i påverkar ikkje karantenetida for nærkontaktane i barnehagen. Den gjeld framleis fram til og med 10. mars.

180 testar på éin dag

Svært mange har testa seg dei siste dagane, i går åleine var det om lag 180 innom testsenteret i Kolskogen.

– Om det er rekord har eg ikkje oversikt over her og no, men det er i øvre sjiktet av kor mange vi har testa på éin dag, og det viser at vi har god kapasitet på teststasjonen når det trengs, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no

Til no i 2021: 38
Totalt smitta: 141
4. mars: Barn frå Flåten Naturbarnehage.
4. mars: Kvinne i 20-åra. Forelder i Flåten Naturbarnehage.
4. mars: Kvinne i 30-åra. Forelder i Flåten Naturbarnehage.
4. mars: Mann i 70-åra. Kjent smitteveg frå annan kommune
3. mars: To barn frå Flåten Naturbarnehage
3. mars: Mann i 30-åra, far til barn i F. Naturbarnehage
2. mars: Mann i 30-åra, nærkontakt med smitta kvinne konstatert 1. mars
2. mars: To barn frå Flåten Naturbarnehage
1. mars: Kvinne i 30-åra, tilsett i barnehage.
1. mars: Mann i 50-åra. Nærkontakt av smitta elev ved NN uskule.
26. februar: Elev på 9. trinn ved Nore Neset uskule.
25. februar: Ungdom i slutten av tenåra, elev ved skule i Bergen.
25. februar: Kvinne i 40-åra frå same husstand som eleven frå Nore Neset.
25. februar: Elev på 9. trinn ved Nore Neset ungdomsskule. 77 i karantene.
24. februar: Kvinne i 20-åra, truleg smitta i ein nabokommune.
23. februar: Mann i 40-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
23. februar: Mann i 20-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
8. februar: Jente som er elev ved Os vgs. Smitta av kontakt i Bergen.
8. februar: Kvinne i 20-åra. Smitteveg ukjent.
12. januar. Mann i 40-åra, smitta av nærkontakt mens han var i karantene.
8. januar: Par i 20-åra og son på 4 år. Testa i samband med innreise.
5. januar: Kvinne i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 50-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
4. januar: Åtte nye smitta, frå 5 år til i 60-åra. Høgaste tal på éin dag til no.
3. januar: Kvinne i 30-åra og hennar 1 år gamle born. Smitta av nærkontakt.

2020 haust (10. august til 31. desember): 89 smittetilfelle
2020 vår (11. mars til 14. april): 15 smittetilfelle

Totalt i 2020: 104 Sjå liste over alle

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.