Sju nye smittetilfelle i helga

Til saman 23 nye smittetilfelle førre veke.

Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. mars 2021 10:09

Bjørnafjorden kommune fortel i dag at fire personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden i går, 7. mars.

OPPDATERT:

I oversikta hadde kommunen ikkje tatt med dei som fekk konstatert smitte fredag:

Fredag 5. mars:

  • Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg frå annan kommune. Nærkontaktar varsla.
  • Barn i barneskulealder. Kjend smitteveg, samband med utbrotet i Flåten naturbarnehage.
  • Barn i Flåten naturbarnehage.

Søndag 7. mars:

  • Kvinne i 60-åra. Smitta av nærkontakt i husstanden.
  • Mann i 20-åra. Ukjend smitteveg. Nærkontaktar er varsla.
  • Kvinne i 20-åra. Kjend smitteveg. Nærkontaktar er varsla.
  • Kvinne i 50-åra. Kjend smitteveg, samband med utbrotet i Flåten naturbarnehage.

Det betyr at vi fekk til saman 23 nye smittetilfelle i førre veke. Veka før var det 7 nye smittetilfelle, dei 7 første sidan starten på februar.

Av dei 30 nye dei siste to vekene er det minst 12 i samband med utbrot i barnehage og 4 i samband med smitta elev på Nore Neset ungdomsskule.

Totalt sidan starten i mars 2020 er vi no oppe i 153 smitta i Bjørnafjorden kommune.

Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no*

* Dato vi fekk informasjon. Tilfella kan ha fått påvist smitte dagen før.

Til no i 2021: 50
Totalt smitta: 153
7. mars: Kvinne i 60-åra. Smitta av nærkontakt i husstanden.
7. mars: Mann i 20-åra. Ukjend smitteveg. Nærkontaktar er varsla.
7. mars: Kvinne i 20-åra. Kjend smitteveg. Nærkontaktar er varsla.
7. mars: Kvinne i 50-åra. Kjend smitteveg, samband med utbrotet i Flåten naturbarnehage.
7. mars (frå fredag 5. mars): Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg frå annan kommune.
7. mars (frå fredag 5. mars): Barn i barneskulealder. Kjend smitteveg, samband med utbrotet i Flåten naturbarnehage.
7. mars (frå fredag 5. mars): Barn i Flåten Naturbarnehage.
5. mars: To barn frå Flåten naturbarnehage
5. mars: Kvinne i 20-åra, forelder i Flåten naturbarnehage
5. mars: Mann i 60-åra, relasjon til utbrotet i Flåten naturbarnehage
5. mars: Kvinne i 60-åra, nærkontakt med anna smittetilfelle
4. mars: Barn frå Flåten Naturbarnehage.
4. mars: Kvinne i 20-åra. Forelder i Flåten Naturbarnehage.
4. mars: Kvinne i 30-åra. Forelder i Flåten Naturbarnehage.
4. mars: Mann i 70-åra. Kjent smitteveg frå annan kommune
3. mars: To barn frå Flåten Naturbarnehage
3. mars: Mann i 30-åra, far til barn i F. Naturbarnehage
2. mars: Mann i 30-åra, nærkontakt med smitta kvinne konstatert 1. mars
2. mars: To barn frå Flåten Naturbarnehage
1. mars: Kvinne i 30-åra, tilsett i barnehage.
1. mars: Mann i 50-åra. Nærkontakt av smitta elev ved NN uskule.
26. februar: Elev på 9. trinn ved Nore Neset uskule.
25. februar: Ungdom i slutten av tenåra, elev ved skule i Bergen.
25. februar: Kvinne i 40-åra frå same husstand som eleven frå Nore Neset.
25. februar: Elev på 9. trinn ved Nore Neset ungdomsskule. 77 i karantene.
24. februar: Kvinne i 20-åra, truleg smitta i ein nabokommune.
23. februar: Mann i 40-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
23. februar: Mann i 20-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
8. februar: Jente som er elev ved Os vgs. Smitta av kontakt i Bergen.
8. februar: Kvinne i 20-åra. Smitteveg ukjent.
12. januar. Mann i 40-åra, smitta av nærkontakt mens han var i karantene.
8. januar: Par i 20-åra og son på 4 år. Testa i samband med innreise.
5. januar: Kvinne i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 50-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
4. januar: Åtte nye smitta, frå 5 år til i 60-åra. Høgaste tal på éin dag til no.
3. januar: Kvinne i 30-åra og hennar 1 år gamle born. Smitta av nærkontakt.

2020 haust (10. august til 31. desember): 89 smittetilfelle
2020 vår (11. mars til 14. april): 15 smittetilfelle

Totalt i 2020: 104 Sjå liste over alle

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.